Sölvesborg

Koordinatar: 56°02′N 14°37′E

Sölvesborg er ein tettstad og administrasjonssenteret i Sölvesborgs kommun sørvest i Blekinge län. Tettstaden har eit areal på 5,71 km², og han hadde 7 883 innbyggjarar i 2005.

Frå Sölvesborg sentrum

Utanfor Sölvesborg ligg Listerlandet, og der finn ein mellom anna vakre sandstrender, som til dømes Sandviken (Siretorp och Sandviken), Hällevik og Torsö. Nord for Sölvesborg ligg Ryssberget, der ein av dei største bevarte bøkeskogane i Sverige ligg. Der Ryssberget sluttar ligg også Gammalstorp og Bjäraryd.

KjeldeEndra