Sølvsilda

utmerking til størst totalfangst under vintersildfiske

Sølvsilda var ei norsk utmerking til fiskefartøy som hadde størst totalfangst under vintersildfisket. Første sølvsilda vart utdelt i 1958 og den siste i 1971.

Sølvsilda vart utdelt av Eriksens Oljeklædefabrik i Ålesund. Sølvsilda vart overlevert ved ei tilstelling etter vintersildfisket, der mannskap, folk frå reiarlaget, representantar frå fiskeriorganisasjonane og pressa var til stades. Reiarlaget fekk ei storsild i ekte sølv og i naturtru storleik, montert på ei plate. Kvar av mannskapet fekk eit sølvfat med inngravert sild. Det var stor prestisje i å vinne sølvsilda, og i vintersild-distrikta var engasjementet stort. I tre år på rad fekk Torrison-reiarlaget i Meløyvær sølvsilda: «Ole Torrisen» i 1964, og «Torris» i 1965 og 1966.

Det vart utdelt sølvsild til beste snurpar, som fiska med snurpenot. Nokre år fekk beste drivar, som fiska med drivgarn, sølvsild, og eitt år vart sølvsild utdelt til beste trålar.

Vinnarar av sølvsilda endre

År Type fartøy Fiskefartøy Registrerings nr. Total fangst
1958 Snurpar «Langvin» M – 250 - A 8 771 hl
1959 Snurpar «Fisk» M – 105 - H 18  365 hl
1959 Driver «Nybo» M – 56 - SA 4 294 hl
1960 Snurpar «Veslegut» M – 27 - BS 10 776 hl
1960 Drivar «Yngvar» F – 72 - V 2 515 hl
1961 Snurpar «Ligrunn» H – 453 - F 5 500 hl
1962 Snurpar «Staaløy» H – 38 - AV 4 224 hl
1962 Drivar «Verning» SF – 27 - B 1 177 hl
1963 Snurpar «Sigerfjord» N – 153 - SO 4 032 hl
1963 Drivar «Strand Senior» M – 25 - H 955 hl
1964 Snurpar «Ole Torrissen» N – 540 - ME 20 286 hl
1965 Snurpar «Torris» N – 155 - ME
1965 Drivar «Vikavåg» M – 2 - F 1 147 hl
1966 Snurpar «Torris» N – 155 - ME 36 139 hl
1966 Drivar «Soløyvåg» M – 80 - F 1 660 hl
1967 Snurpar «Radek» H – 12 - A 26 600 hl
1967 Trålar «Ponny» VA – 94 - K 2 364 hl
1968 Snurpar «Uksnøy» M – 175 – SØ 6 495 hl
1969 Snurpar «Ny-Eros» M – 39 - HØ 7 640 hl
1970 Snurpar «Artus» M – 79 - HØ 5 625 hl
1971 Snurpar «Tornado» M – 18 - AK 3 171 hl

Kjelder endre

  • Per Helge Pedersen og Åge Olsen: Havets sølv Kystens gull . Kristiansund – den siste store sildebyen i Norge. Per Helge Pedersen ENK 2022 ISBN 978-82-692255-1-8
  • Norvald Kjerstad: FISKERFOLKET Illustret fiskeri- og fartøyhistoreie fra Lepsøya (1870 – 2013) Kjerby AS og Lepsøy Bygdearkiv 2013. ISBN 978-82-998466-1-5