Sønnmørs og Nordfjord amt
Sønnmørs og Nordfjord amt var eit amt som eksisterte frå 1675 til 1678. Amtet bestod av dei to futedømma Nordfjords futedømme og Sønnmørs futedømme. Amtmann var Christian Lindenow. I 1679 vart dei to futedømma Sønnmøre og Nordfjord innlemma i Bergenhus stiftsamt; i 1689 vart Sunnmørs fogderi lagt under Romsdals amt, men framleis tilhørande Bergenhus stiftsamt.