Futedømme
Eit futedømme (eller -døme, bokmål fogderi) er ei historisk nemning for eit distrikt som blei styrt av ein fut (fogd).
I Noreg var amta frå 1660 delt inn i fleire futedømme. I 1660 var det 55 futedømme, men i 1700 var talet redusert til 38. Då futedømma vart oppheva 21. juli 1894 var det 56 av dei. Futedømma var delte inn i herad.
Sjølv om futedømma forlengst er borte, lever denne inndelinga vidare som ei meir eller mindre veldefinert inndeling av Noreg i form av distrikt. Grensene for dei gamle futedømma er i nokre tilfelle samanfallande med dagens grenser for prosti eller tingrettdistrikt.
Dei truleg mest kjende futedømma i Noreg er dei tre futedømma som utgjer Møre og Romsdal fylke — Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Striden mellom desse i ymse lokalpolitiske saker er kjende som fogderistriden.
Futedømme i Noreg
endreDenne lista gir inndelinga slik den var på slutten av 1800-talet.
- Hedemarkens fogderi
- Nordre Østerdalens fogderi
- Solørs fogderi
- Søndre Østerdalens fogderi
- Vinger og Odalens fogderi