Søre Sålefjell
Søre Sålefjell (132 moh) er høgste fjelltoppen på øya Karmøy i Rogaland. Det går merkte stiar frå Kopervik til toppen. Turmarsjen Sålefjellsmarsjen vender her, medan det er rasteplass for Karmøymarsjen. Den omstridde vindmølleparken Karmøy vindkraftverk er planlagt i området sør for Søre Sålefjell.
Høgste toppen i Karmøy kommune er Dyrafjell (172 moh) på fastlandet.