Søren Lerby
dansk fotballspelar
Søren Lerby (fødd 1. februar 1958 i København) er ein dansk tidlegare fotballspelar og noverande fotballagent. I løpet av karrieren spelte han for B1903, Ajax Amsterdam, FC Bayern München, AS Monaco og PSV Eindhoven. Med desse klubbane var han med om å vinne den nederlandske Eredivisie sju gonger, den tyske bundesligaen to gonger og den tyske DFB-cupen to gonger. Han var òg med om å vinne siger i europacupen i 1988 med PSV Eindhoven. Han spelte 67 landskampar for Danmark, kor han skåra 10 mål. I perioden 1991-1992 var han trenar for Bayern München.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Søren Lerby | ||
Fødd | 1. februar 1958 (66 år) | ||
Fødestad | København i Danmark | ||
Høgd | 184 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1975 1975–1983 1983–1986 1986–1987 1987–1990 |
Fremad Amager Ajax Amsterdam Bayern München Monaco PSV |
13 (3) 206 (66) 89 (22) 27 (3) 81 (16) | |
Landslag | |||
1978–1989 | Danmark | 67 (10) | |
Trenar for | |||
1991-1992 | Bayern München | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Merittar
endre- Nederlandsk seriemeister: 1977, 1979, 1980, 1982 og 1983 med Ajax og 1988 og 1989 med PSV Eindhoven
- Nederlandsk cupmeister: 1979 og 1983: med Ajax og 1988 med PSV Eindhoven
- Tysk seriemeister: 1985 og 1986 med Bayern München
- Tysk cupmeister: 1984 og 1986 med Bayern München
- 67 landskampar for Danmark
- Europacupvinnar: 1988 med PSV Eindhoven
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Søren Lerby» frå Wikipedia på bokmål den 17. april 2020.
- National-football-teams