Sørfjorden i Kvænangen

fjord i Kvænangen

Sørfjorden (samisk Suvdovuotna) er den inste delen av Kvænangen i Kvænangen kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 7,5 km sørover til Kvænangsbotn og så vestover til Sørfjordbotn.

Sørfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Kvænangen
Del av Kvænangsfjorden
Kart
Sørfjorden
69°44′42″N 22°04′50″E / 69.74498611°N 22.08046°E / 69.74498611; 22.08046

Fjorden har innløp mellom Ytreneset i nord og Indreneset i sør via eit smalt sund kalla Lillestraumen. Bygda Kvænangsbotn er den einaste større busetnaden ved fjorden. Fv367 går langs begge sider av fjorden.