Sørfjorden i Melfjorden

del av Melfjorden i Rødøy

Sørfjorden er ein fjordarm av Melfjorden i Rødøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 7 km sørover til og så nokre kilometer lenger inn til botn av Gjervalen. Den totale lengda på fjordarmen er 14 km.

Fjorden har innløp mellom Snertneset i vest og Hammaren i aust. Kilboghamn ligg på vestsida litt inn i fjorden. På motsett side ligg grendene Oldervika og Sørfjorden. Det går ferje mellom Kilboghamn og Sørfjorden, og frå begge stadane og nordover til Jektvika.

Lengst sør i fjorden ligg Øresvika og frå her går Gjervalen austover til botn av fjorden.