Bygda Sørfjorden
Sørfjorden er ei av to grender på austsida av Sørfjorden i Rødøy kommune i Nordland. Fylkesveg 431 går mellom Sørfjorden til den andre grenda Oldervika; begge grendene har postadresse Sørfjorden. Staden er framleis busett. Han har ikkje eigen skule eller barnehage, men her finst eigen butikk med post i butikk-ordning og bokutleige, og ein sommaropen kafé.
Sørfjorden | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Rødøy | ||
Postnummer | 8190 SØRFJORDEN | ||
Preposisjon | i Sørfjorden | ||
Ferdselsårer | Ferje til Jektvik og Kilboghamn, Fv431 i Nordland | ||
Bygda Sørfjorden 66°29′29″N 13°17′36″E / 66.4913°N 13.2932°E |
Fylkesvegen i Sørfjorden har berre samband til omverda via ferjesambandet til Torghatten Nord mellom Sørfjorden, Jektvik og Kilboghamn. I Sørfjorden ligg også Sørfjorden kyrkje.
Kjelder
endre- Heimesida sorfjord.org. Arkivert 2014-01-03 ved Wayback Machine.
- Den nye heimesida sorfjord.no Arkivert 2009-09-25 ved Wayback Machine.
- Vêrvarsel for Sørfjorden på yr.no Arkivert 2010-07-06 ved Wayback Machine.
- Ferjetider til Sørfjorden på Torghatten Nord.no