Sørgulen er ein fjordarm av Gulen i Bremanger kommune i Vestland. Han strekkjer seg 4 km sørover til grenda Sørgulen.

Fjorden har innløp mellom Mulehamn i aust og Ramntange i vest. Aust for Mulehamn ligg innløpet til Midtgulen. Bruket Sagebø ligg midtvegs inn i fjorden på vestsida.

Fv577 går langs heile fjorden på begge sider.