Opna hovudmenyen

Sørli er ein tidlegare norsk kommune, no ein del av Lierne kommune i Nord-Trøndelag. Sørli var ein del av Lierne fram til denne blei delt i Sør- og Nordli kommunar 1. juli 1915. Lierne var i sin tur skilt ut frå Snåsa kommune 1. januar 1874.

Då Sørli blei etablert som eigen kommune hadde han 739 innbyggjarar.

1. januar 1964 blei Nordli og Sørli slått saman igjen til dagens Lierne kommune. Ved samanslåinga hadde Sørli 898 innbyggjarar.