Sørpollen
Sørpollen er ein liten fjord i Sildegapet i Kinn kommune i Vestland og strekkjer seg 5,5 km sørover. Fjorden er derimot berre om lag 500-600 meter brei.
Fjorden har innløp mellom Osmundvåg i vest og Gangeskarneset, like ved Flatraket, i aust.
Riksveg 618 går langs austsida av fjorden.