For operaen, sjå Sildagapet.

62°3′50.472″N 5°8′9.9888″E / 62.06402000°N 5.136108000°E / 62.06402000; 5.136108000

Sildegapet
fjord
Sildegapet sett frå Vågsøy.
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kart
Sildegapet
62°04′09″N 5°08′40″E / 62.0692°N 5.14435°E / 62.0692; 5.14435
Wikimedia Commons: Sildegapet

Sildegapet er ei stor bukt eller ein vid fjord på sørsida av Stad i kommunane Stad og Kinn i Vestland.[1] Sør for Sildegapet ligg øya Vågsøy. Bukta strekkjer seg om lag 17 km innover i landet til tre små fjordar og Ulvesundet mellom Vågsøy og fastlandet.

Fjorden har innløp mellom Kråkenes fyr i sør og Fureneset i nord.[2]

Inst i bukta ligg dei tre øyane Silda, som bukta er kalla opp etter, Barmøya og Selja eller øya Selje, der Selje kloster ligg. Mellom Selja og Barmøya ligg Røysetfjorden og aust for denne Moldefjorden. Sør for Barmøya ligg Nordpollen, og mellom Ulvesundet og Nordpollen ligg Storpollen.

Kjelder endre

  1. Askheim, Svein. «Sildegapet». Store norske leksikon. Henta 14. juli 2021. 
  2. Sildegapet på Norgeskart.no frå Statens kartverk