Sørsalten er ein fjord i Nærøy kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 22 km austover på sørsida av øya Kvingra til Saltbotnet i botn av fjorden.

Fjorden har innløp gjennom Ottersøystraumen og Klungvikstraumen i vest, like sør for tettstaden Ottersøya. Det ligg fleire småbruk langs fjorden på begge sider og på nordsida på Kvingra ligg grenda Søråa. Ved Halsodden på nordsida går Remmastraumen nordover langs austsida av Kvingra. Sundet er særs smalt, berre om lag 5 meter på det smalaste.

Fv525 går langs delar av nordsida i den inste delen av fjorden, medan Riksveg 770 går langs delar av sørsida. Lenger ute går Fv542 Koordinatar: 64°52′7.0608″N 11°28′6.0708″E