Süleyman Demirel
Sami Süleyman Gündogdu Demirel (1. november 1924–17. juni 2015) var ein tyrkisk politikar, fødd i provinsen Isparta. Mellom 1965 og 1993 var han statsminister i Tyrkia i fem periodar. Frå 1993 til 2000 var han president av Tyrkia.
Süleyman Demirel | |
Statsborgarskap | Tyrkia |
Fødd | 1. november 1920 İslamköy |
Død | |
Yrke | ingeniør, politikar |
Språk | tyrkisk |
Politisk parti | Justice Party, DYP |
Religion | sunniislam |
Ektefelle | Nazmiye Demirel |
Süleyman Demirel på Commons |
Demirel var utdanna bygningsingeniør og arbeidde frå 1950 i leiande stillingar med å prosjektere og bygge vasskraftverk i Tyrkia.
Hausten 1964 vart han vald til leiar av partiet Adalet Partisi og vart visestatsminister i ei koalisjonsregjering. Parlamentsvalet 10. oktober 1965 gav partiet hans fleirtalet i parlamentet og Demirel vart statsminister i oktober. Partiet sikra seg endå fleire mandat ved valet i 1969. Demirel heldt fram som statsminister til 16. mars 1971, då han vart styrta i eit militærkupp.
Demirel var så statsminister og leiar av ei koalisjonsregjering frå mars 1975 til juni 1977. Allereie ein månad etter han gjekk av i juni, var han i juli månad tilbake på statsministerkontoret som leiar for ein ny koalisjon. Denne regjeringa sat ved makta i eit knapt halvår. Fra hausten 1979 til hausten 1980 var Demirel statsminister til 12. september 1980, då han vart avsett av hæren og generalen Kenan Evren tok makta i landet. Demirel vart forboden å delta aktivt i tyrkisk politikk for ein periode på ti år.
Ei folkeavrøysting i 1987 gav Demirel rett til å delta i det politiske liv, og han vart straks vald til formann i partiet Doğru Yol Partisi (demokratane). Etter parlamentsvalet i 1991 vart Demirel Tyrkias statsminister for femte gong, i koalisjon med sosialdemokratane. Denne posisjonen hadde han til 16. mai 1993. Parlamentet valde han då til å vere president i Tyrkia, etter den folkevalde Turgut Özal som døydde i april. Demirel var president i Tyrkia i nøyaktig sju år. Dei siste tre åra var makta hans avgrensa ettersom det militære hadde intervenert i styret hans i 1997.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Süleyman Demirel» frå Wikipedia på bokmål, den 30. juni 2015.