Turgut Özal
tyrkisk ingeniør og politikar
Turgut Özal (13. oktober 1927–17. april 1993) var ein tyrkisk liberal politisk leiar, statsminister og den åttande presidenten av Tyrkia. Då partiet hans, Moderlandspartiet (ANAP) vann parlamentsvalet i 1983 vart han den tredje demokratisk valde leiaren i tyrkisk historie etter Adnan Menderes og Süleyman Demirel. Som statsminister og frå 1989 president omforma han den tyrkiske økonomien ved å privatisere mange statlege føretak. Dette betra forholda til den vestlege verda, særleg til USA. I 1991 tok han personleg initiativ til Tyrkia sin medverknad i koalisjonen mot Irak under Golfkrigen.
Turgut Özal | |||
| |||
Fødd | 13. oktober 1927 Malatya | ||
---|---|---|---|
Død | 17. april 1993 (65 år) | ||
Statsborgar av | Tyrkia | ||
Yrke | politikar, ingeniør | ||
Utdanna ved | Istanbul Tekniske Universitet | ||
Ektefelle | Semra Özal | ||
Barn | Ahmet Özal | ||
Verv | Tyrkisk statsminster 1983–1989 | ||
Føregangar | Bülend Ulusu | ||
Etterfylgjar | Yıldırım Akbulut | ||
Verv | Tyrkisk president 1989–1993 | ||
Føregangar | Kenan Evren | ||
Etterfylgjar | Süleyman Demirel | ||
Alle verv |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Turgut Özal» frå Wikipedia på engelsk, den 7. november 2008.