Djerv 1919

(Omdirigert frå SK Djerv 1919)

Sportsklubben Djerv 1919 er ein fotballklubb i Haugesund som spelar i 3. divisjon i avdeling 3 (2020).

Djerv 1919
Fullt namn Djerv 1919
Grunnlagd Ukjend
Heimebane Ingen

Klubben spelte i 1. divisjon i 1988, men rykte ned etter å ha sett rekord i baklengsmål. Djerv 1919 nådde semifinalen i noregsmeisterskapen 1986, laget tapte 0-1 for Tromsø IL.

Lagssoge

endre

Klubben vart stifta i 1919, og for å unngå samanblanding med Sportsklubben Djerv i Bergen, fekk han namnet Djerv 1919.

Gjennom 1960- og 1970-åra var Djerv 1919 ein veslebror i Haugesunds-fotballen. Både Haugar og Vard hevda seg i norsk fotball, Djerv 1919 høyrde heime i dei lokale fotballseriane.

Frå siste halvdelen av 1980-åra kjempa klubben om hegemoniet mellom klubbane i Haugesund. 1988-sesongen spelte klubben for første og einaste gongen i toppserien.

Djerv 1919 spela på nivå 2 i norsk fotball i 1993-sesongen. Etter sesongslutt vart det semje om danne ein ny klubb i Haugesund, som skulle overta dei beste spelarane i klubbane Djerv 1919 og Haugar. Målsettinga var å skape eit stabilt eliteserielag. Den nye klubben, FK Haugesund, vart stifta på ei generalforsamling den 28.oktober 1993. FK Haugesund overtok då Djerv 1919 sin plass i det norske seriesystemet.

I 2011 spelar Djerv 1919 på 4. nivå i norsk fotball.

Kjelder

endre