Fotballklubben Haugesund

(Omdirigert frå FK Haugesund)

Fotballklubben Haugesund er ein fotballklubb frå Haugesund, ofte omtala som FK Haugesund. I dag spelar klubben i Eliteserien i fotball for menn. Noverande hovudtrenar er Mark Dempsey, Eirik Horneland, Jostein Grindhaug, Óskar Hrafn Þorvaldsson. Klubben spelar heimekampane sine på Haugesund stadion.

Fotballklubben Haugesund
Fullt namnFotballklubben Haugesund
KallenamnFKH
Grunnlagd28. oktober 1993
HeimebaneHaugesund stadion
(kapasitet: 8 800)
StyreleiarIngolf Steensnæs
HovudtrenarMark Dempsey, Eirik Horneland, Jostein Grindhaug, Óskar Hrafn Þorvaldsson
LigaEliteserien i fotball for menn
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Spelarstall endre

Oppdatert 1. juli 2020.[1]Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1   K Helge Sandvik
3   F Benjamin Karamoko
4   F Fredrik Pallesen Knudsen
5   F Benjamin Tiedemann Hansen
6   F Joakim Våge Nilsen
7   MB Christian Grindheim
8   A Kevin Martin Krygård
9   A Benjamin Källman (på lån frå Inter Turku)
10   MB Niklas Sandberg
11   A Alexander Ammitzbøll (på lån frå AGF)
12   K Luděk Vejmola (på lån frå Vysočina Jihlava)
13   MB Kristoffer Gunnarshaug
Nr. Posisjon Spelar
15   F Ulrik Fredriksen
16   MB Bruno Leite
17   A Ibrahima Wadji
18   MB Kristoff Gunnarshaug
19   F Mikkel Desler
22   MB Alexander Stølås
23   MB Thore Pedersen
27   MB Mads Berg Sande
28   MB Arent-Emil Hauge
32   K Frank Stople
35   A Andreas Endresen
99   MB Kristoffer Velde

Utlånte spelarar endre

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
20   A Ibrahima Koné (hos Adana Demirspor til 30. juni 2020)
Nr. Posisjon Spelar
93   F Dennis Horneland (hos Vard Haugesund til 31. desember 2020)

Historie endre

Klubben vart stifta i 1993 etter at klubbane Haugar og Djerv 1919 slo saman elitelaga sine, med målsetting om å skapa eit stabilt eliteserielag. I tillegg var fotballklubben Vard Haugesund aktuell til å delta i samanslåinga, men generalforsamlinga i klubben valde å stå utanfor. Laga i aldersklassane og for kvinner gjekk ikkje inn i den sameinte klubben. Hausten 2005 vart samtalane om å innlemma Vard teke opp att, og frå sesongen 2006 fyller Vard rolla som eit rekrutteringslag for Haugesund.

I den første sesongen i divisjonssystemet, 1994, vann klubben si 2. divisjonsavdeling. Dei to neste sesongane var laget i 1. divisjon, medan dei debuterte i eliteserien i 1997. FK Haugesund berga plassen i 1997, men i 1998 fekk dei sin første sportslege nedtur då dei rykte ned til 1. divisjon. Laget rykte rett opp att året etter, men det vart med eit år i den øvste divisjonen.

I 2004 rykte både FK Haugesund og Vard Haugesund ned frå 1. divisjon, og i 2005 spela båe laga i 2. divisjon. Haugesund rykte rett opp att. Tilhengjarane av laget er organisert i supportarklubben Maakeberget.

Kjende spelarar endre

Kjelder endre

  1. A-lag spillere Arkivert 2011-10-08 ved Wayback Machine., fkh.no

Bakgrunnsstoff endre