SODAR (SOnic Detection And Ranging), òg skrive sodar, er eit instrument som sender ut lydbølgjer som vert reflektert frå atmosfæren og så registrert. Refleksjonen blir dopplerforskyvd når lufta flyttar seg, og slik kan ein få informasjon om middelvind og turbulens frå forskjellige lag oppover i lufta. Sodaren eignar seg godt til å avsløre vindskjer, som er endring av vind over kort vertikal eller horisontal utstrekning i dei nedste 1000 m når det bles lite på bakken. Det er likevel store feilkjelder ved sterk vind der instrumentet er plassert.

AQ500 SODAR-system.

Kjelder endre

«sodar» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre