SS-24
(Omdirigert frå SS-24V)
SS-24 (NATO-kallenamn Scalpel, russisk РТ-23 УТТХ «Мо́лодец») var eit interkontinentalt ballistisk missil (ICBM) som vart utvikla og produsert i Dnjepropetrovsk i Ukraina fram til 1991. Missilet var i utgangspunktet basert på utskyting frå ei jernbanevogn, og hadde ein bererakett med tre-trinn. Nyttelasta var 10 MIRV-stridshovud, kvart med 550 kilotonn sprengverknad. Det vart òg utvikla ein versjon som kunne skytast frå silo, SS-24V.
Ein vidareutvikla versjon, RT-25, vart påbyrja, men ikkje fullført på grunn av START-avtala.[1]
Galleri
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «SS-24» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2017.
- Referansar
- ↑ Nikolai Sokov: Russian Strategic Modernization: Past and Future