Bal missilkompleks

(Omdirigert frå SSC-6 SENNIGHT)

BAL (GRAU-indeks 3K60, NATO rapporteringsnamn SSC-6 «Sennight» er eit russisk kystforsvars-missilkompleks mot sjømål i overflatestilling. Systemet brukar missilet Kh-35,[1] og er særs godt eigna til å forsvare kystlinja mot framande landgangsstyrkar. BAL-systemet vart teke i bruk i Russland i 2008, men finst òg i ein eksportversjon som vert kalla BAL-AE.[treng kjelde]

Kystmissilsystemet er laga for å kunna øydeleggja overflatemål opptil 150 kilometer unna.[2]

I 2019 meldte Den russiske nordflåten at deu hadde plassert ut Bal-kystmissilsystemet på Sredny-halvøya ved Barentshavet.[2]

Kystmissilsystemet brukar ein lastebil av typen MZKT-7930 som avfyringsrampe, og eit batteri har 4 slike med to missil kvar. Dessutan har batteriet ein kommandoplass med kommando- og kontrollfunksjonar og 4 lastebilar med fleire missil, og ei kran for omlasting.

Taktiske og tekniske karakteristikkar

endre
  • Rekkjevidde: 120 km med missilet Kh-35 og 260 km med missilet Kh-35U м[3]

Bilete frå utstilling i 2013

endre
 
Radar «Monolit-B».
 
Avfyringsrampe
 
Transport og omlastingskjøyretøy
 
Kryssarmissil Х-35УЭ-001

Kjelder

endre
  1. Корпорация "Тактическое ракетное вооружение", ОАО, arkivert frå originalen 18. august 2010, henta 2. april 2017 
  2. 2,0 2,1 Hykkerud, Erlend (8. august 2019), «Nytt russisk missilsystem satt ut på grensa mot Norge», NRK (på norsk bokmål), henta 21. januar 2022 
  3. «Бал-Э», мобильный береговой ракетный комплекс с противокорабельной ракетой типа Х-35 — ОРУЖИЕ РОССИИ, Каталог вооружения, военной и специальной техники, arkivert frå originalen 16. februar 2012, henta 2. april 2017