STS-122
STS-122 | |
Statistikk | |
---|---|
Romferje: | Atlantis |
Rampe: | LC-39A |
Oppskyting: | 7. februar 2008[1] 20:45 norsk tid |
Attende til jorda: | 20. februar 2008 |
Ferdas tid: | 12 dagar, 18 timar, 21 minuttar, 50 sekundar |
Mannskap | |
Kommandør: | Stephen Frick |
Pilot: | Alan G. Poindexter |
Oppdragsspesialistar: | Leland D. Melvin Rex J. Walheim Hans Schlegel Stanley G. Love |
Portrettfoto av mannskapet. | |
Kronologi | |
Førre romferd | Neste romferd |
STS-120 | STS-123 |
STS-122 var ei romferd til den internasjonale romstasjonen (ISS) med den amerikanske romferja Atlantis. Romferja hadde med seg ei ny modul til ISS, det europeiske laboratoriet Columbus. Laboratoriemodulen vart montert til Harmony den 11. februar 2008. STS-122 henta og ned besetningsmedlemmet Daniel M. Tani, som vart bytta ut med Léopold Eyharts frå ESA. Han vert verande om bord romstasjonen dei neste tre månadene, og har blant anna ansvaret for å klargjere dei vitskaplege instrumenta på Columbus.
Oppskytinga skulle etter planen finne stad den 6. desember 2007 frå rampe 39A ved Kennedy Space Center, men vart utsett til 9. desember 2007 etter at det vart avdekt problem med to sensorar nokre timar før oppskytinga. Same problemet oppstod under det andre forsøket, og oppskytinga vart avbroten. Omsider vart romferja Atlantis skoten opp den 7. februar 2008 klokka 20:45 norsk tid, og kopla til med den internasjonale romstasjonen den 9. februar klokka 18:17. Etter nærare tretten døgn i rommet, landa romferja på rullebane 15 ved Kennedy Space Center den 20. februar 2008.
Høgdepunkt
endreSTS-122 hadde med det europeiske laboratoriet Columbus og andre mindre delar til den internasjonale romstasjonen. I tillegg vart Daniel M. Tani henta ned og den franske astronauten Léopold Eyharts vart igjen på romstasjonen som mannskap på Ekspedisjon 16.
Tids line for romferda
endreførebuingar
endreDen eksterne tanken (ET-125) kom til Kennedy Space Center 14. september 2007, der den rutinemessig vart inspisert for eventuelle skadar under transporten frå Michoud Assembly Facility i Louisiana. Faststoffrakettane vart montert på tanken den 18. oktober, og Atlantis vart transportert til monteringshallen den 3. november 2007.
utsetting av oppskytinga
endreOppskytinga av romferja skulle etter den opphavlege planen finne stad 6. desember 2007, men vart utsett med tre dagar etter at det vart funne problem med to av fire sentrale sensorar i den eksterne drivstofftanken. Same problemet oppstod under det andre forsøket, og oppskytinga vart dermed avbroten. Årsaka til problemet vart funnen 18. desember 2007, og feila vart utbetra i løpet av desember og januar.
7. februar 2008 – Oppskyting
endreTankinga av den eksterne drivstofftanken begynte klokka 11:26 norsk tid. Sensorane som var årsaka til dei tidlegare utsetjingane fungerte denne gongen slik dei skulle, og bakkemannskapet fekk klarsignal til å fortsette førebuingane. Det var knytt ei viss usikkerheit til vêrforholda tidleg på dagen, men Atlantis kunne skytast opp som planlagt klokka 20:45 norsk tid.
8. februar 2008 – Andre dag
endreFørste delen av dagen vart brukt til å klargjere romferja for tilkopling med romstasjonen, blant anna ved å korrigere banen med rakettmotorane. Senterlinjekameraet, som er et viktig verktøy dei siste metra før samankoplinga finn stad, vart også installert.
Store delar av dagen vart brukt til å inspisere varmeskjoldet på romferja ved hjelp av robotarmen Canadarm1 og sensorsystemet «Orbiter Boom Sensor System» (OBSS). OBSS er ei 15 meter lang bom utstyrt med ei avansert 3D-scanner og anna kamerautstyr som blir brukt til å avdekkje eventuelle skader på varmebeskyttelsen. dei innsamla data blir så sende ned til romfartssenteret for nærare analyse.
9. februar 2008 – Tredje dag
endreAtlantis kopla til med den internasjonale romstasjonen klokka 18:17 norsk tid, og mannskapet gjekk om bord klokka 19:40. Atlantis er den første romferja som har kopla til til PMA-2 på modulen Harmony. PMA-2 vart flytta frå Destiny til Harmony den 20. november 2007.
NASA utsette den første romvandringa til 11. februar, og utvida STS-122 med 24 timar.[2]
10. februar – Fjerde dag
endreMannskapet brukte dagen på å undersøkje ei overflateskade på varmevernet til av rakettmotorane. Skaden er mindre enn tilsvarande skade som oppstod under oppskytinga av STS-117, og det er ikkje meldt om planar om å utbetre skadane før romferja returnerer til jorda. dei undersøkte også område rundt vindauga. Walheim og Love overnatta rutinemessig i luftslusa for å kvitte seg med nitrogen i blodet, og dermed redusere risikoen for trykkfallsyke under romvandringa neste dag.
11. februar – Femte dag
endreLove og Walheim begynte den første romvandringa klokka 14:13 UTC (15:13 norsk tid), med assistanse frå Alan Poindexter og Hans Schelgel inne i romstasjonen. Leland D. Melvin styrte robotarmen som henta ut Columbus frå lasterommet, og modulen vart montert til romstasjonen klokka 21:44 UTC.
Romvandringar
endreDet vart utført tre romvandringar under STS-122. Rex J. Walheim hadde utført to romvandringar med (STS-110). Hans Schlegel skulle opphavleg utføre den første romvandringa saman med Walheim. Grunna medisinske årsaka vart Schegel vart bytta ut med Stanley G. Love på romvandring nr. 1, og samtlege av romvandringane vart utsett med 24 timar.[2]
Astronautar | Start | Slutt | lengde | Oppdrag | |
---|---|---|---|---|---|
Nr. 1 | Rex J. Walheim Stanley G. Love |
11. februar 14:33 UTC |
11. februar 22:11 UTC |
7 timar, 58 minuttar | Installasjon av festepunkt på Columbus, slik at robotarmen Canadarm2 kan flytte den den. Gjere klar til å bytte ut ein nitrogentankutrustning som er festa til P1 truss (N2), del av klimakontrollsystemet på ISS. |
Nr. 2 | Rex J. Walheim Hans Schlegel |
13. februar 14:27 |
13. februar 21:12 |
6 timar, 45 minuttar | Installasjon av ny nitrogentankutrustning, fjerning av den gamle. |
Nr. 3 | Rex J. Walheim Stanley G. Love |
15. februar 13:07 |
15. februar 20:32 |
7 timar, 25 minuttar | Installasjon av Solar Monitoring Observatory, EuTEF og andre komponentar knytte til Columbus-laboratoriet. Henting av et øydelagt gyroskop (CMG-3) som vart bytta ut under STS-118 og mellombels festa på utsida av romstasjonen. |
Sjå og
endreReferansar
endre- ↑ «Space Shuttle – Latest News – Jan. 14». NASA. 14. januar 2008. Henta 16. januar 2008.
- ↑ 2,0 2,1 «CBS News Mission Status Report». CBS. 9. februar 2008. Henta 9. februar 2008.
Bakgrunnsstoff
endre
Romferder med romferja Atlantis | |
---|---|
1985: STS-51-J | STS-61-B | 1988: STS-27 | 1989: STS-30 | STS-34 | 1990: STS-36 | STS-38 | 1991: STS-37 | STS-43 | STS-44 | 1992: STS-45 | STS-46 | 1994: STS-66 | 1995: STS-71 | STS-74 | 1996: STS-76 | STS-79 | 1997: STS-81 | STS-84 | STS-86 | 2000: STS-101 | STS-106 | 2001: STS-98 | STS-104 | 2002: STS-110 | STS-112 | 2006: STS-115 | 2007: STS-117 | 2008: STS-122 |2009: | STS-125 |2010: STS-132 |2011: STS-135 |