Sabar er ein tromme-, musikk- og dansetradisjon som er kjend frå kulturen til wolofar frå Vest-Afrika. Sabar er kjend frå Senegal og Gambia, og er blitt kjend og utbreidd som ei nasjonaltromme i heile Senegal.[1][2]

To sabartrommer frå Senegal

Sabar blir også kalla sabaro, serouba, saoruba, tantan og tantango.[3]

Trommer endre

 
Sabarspelar i 1988.

Sabartrommer blir typisk skorne ut av eit stykke tre frå Cordyla pinnata (lokalt kalla dimb)[4] og trekte med eit geiteskinn. Skinnet er festa til sju knaggar med snøre som ein kan stemma tromma med.[2] Tromma er ofte dekorert med utskjeringar eller måling.[5]

Det finst fleire ulike typar sabartromme som har ulike roller i eit ensemble.[2] Frå høgast til lågast er dei nder, som vanlegvis leier ensemblet, mbëng-mbëng ball, mbëng-mbëng, tungune og cól. Alle bortsett frå den siste er opne i botn. Cól er ei basstromme som også kan leia ensemblet, særleg når ein speler til brytekampar.[6]

Sabartromme blir vanlegvis spelt med ei hand og ei stikke.[6]

Dans endre

 
Døme på sabardans i Dakar.
Ulike dansar ved ei senegalesisk brytetilstelling; solodansarane dansar sabar.

Under ei sabartilstelling byttar deltakarar på å utføra ein kort, energisk solodans. Denne består gjerne av høge hopp og spark med føtene, store rørsler med armane og eventuelt snurring.

Dansen blir gjerne improvisert innan visse rammer, og trommesolisten følgjer dansaren. Det er ofte kvinner som dansar sabar. Ungar og unge menn kan også delta, men vaksne menn som dansar er gjerne profesjonelle dansarar.[7]

Avleiingar endre

Den amerikanske dansestilen cakewalk har element frå sabar.[3]

Den vestafrikanske populærmusikkstilen mbalax har element frå sabarmusikk, og nyttar sabartrommer.[3]

Kjende sabarspelarar endre

Kjelder endre

  1. «Sabar from Senegal», Muntu World (på fransk), 25. mai 2017, arkivert frå originalen 17. februar 2022, henta 16. februar 2022 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Introduction to Sabar Drumming», DrumConnection World Djembe & Drum Shop (på engelsk), arkivert frå originalen 17. februar 2022, henta 16. februar 2022 
  3. 3,0 3,1 3,2 Polak, Rainer (2015). «Sabar» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-974339-1. doi:10.1093/acref/9780199743391.001.0001/acref-9780199743391-e-6467. 
  4. Tang, Patricia (2007), Masters of the Sabar: Wolof Griot Percussionists of Senegal (på engelsk), Temple University Press, s. 38, ISBN 978-1-59213-421-2, henta 16. februar 2022 
  5. Tang, Patricia (2007), Masters of the Sabar: Wolof Griot Percussionists of Senegal (på engelsk), Temple University Press, s. 41, ISBN 978-1-59213-421-2, henta 16. februar 2022 
  6. 6,0 6,1 «Sabar terms. 21M.030 Introduction to World Music» (PDF), MIT OpenCourseWare, 2013, henta 16. februar 2022 
  7. Seye, Elina (23. mai 2019). «Practices of Performing at Senegalese Sabar Dance Events». RUUKKU - Studies in Artistic Research (11). 

Bakgrunnsstoff endre