Sadyr Zjaparov
Sadyr Nurgozjojevitsj Zjaparov (fødd 6. desember 1968 i Keng-Suu) er ein kirgisisk politikar som har vore president i Kirgisistan sidan 28. januar 2021. Han var også fungerande statsminister frå 6. oktober 2020 og fungerande president frå 16. oktober etter at Sooronbaj Jeenbekov gjekk av 15. oktober 2020 på grunn av store demonstrasjonar. Zjaparov trekte seg frå verva sine 14. november same året for å stille som kandidat til presidentvalet.[1][2]
Sadyr Zjaparov | |||
| |||
Fødd | Садыр Нургожоевич Жапаров 6. desember 1968 (56 år) Kensuu, Tup | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kirgisistan | ||
Yrke | politikar | ||
Institusjonar | Cabinet of Ministers of Kyrgyzstan | ||
Utdanna ved | Kyrgyz-Russian Slavic University Kyrgyzskaya State Academy of Physical Culture and Sports | ||
Ektefelle | Aigul Japarova | ||
Verv | Kirgisistan sin president 2021– | ||
Føregangar | Talant Mamytov | ||
Alle verv |
10. januar 2021 blei Zjaparov erklært som vinnar av presidentvalet etter å ha fått 79,83 % av røystene.[3] Han blei innsett som president 28. januar 2021.
Kjelder
endre- ↑ «Kyrgyz parliament approves Japarov's nomination for acting Prime Minister». AKIpress news agency. 6. oktober 2020.
- ↑ «Kyrgyz parliament votes to appoint Sadyr Japarov as prime minister». TASS. 6. oktober 2020.
- ↑ Henri Foy (10. januar 2021). «Nationalist wins landslide victory in Kyrgyzstan presidential vote». Financial Times.
- Denne artikkelen bygger på «Sadyr Japarov» frå Wikipedia på bokmål, den 12. februar 2024.