Saemien Sijte
sørsamisk museum i Trøndelag
(Omdirigert frå Saemien sijte)
Saemien Sijte er eit sørsamisk museum og kultursenter i Snåsa i Nord-Trøndelag. Det inneheld samlingar som dekkar heile det sørsamiske området frå Femunden, Trollheimen og Nordmøre i sør til Saltfjellet i nord.
Saemien Sijte | |
![]() | |
Stad | Snåsa kommune |
---|---|
Skipa | 1964 |
![]() Saemien Sijte |
Museet vart stifta som ei kulturforening i 1964, og vart omdanna til ei stifting i 2006. Birgitta Fossum har vore direktør for museet sidan 2010.
Saemien sijte gjev mellom anna ut årboka Åarjel-saemieh.