Sagån
Sagån er ei elv i Västmanland, med ei lengd på 70 km inkludert kjeldeelva.[1] Som kjelde reknar ein Storljusen i Sala kommun. Elva renn gjennom innsjøane Silvköparen og Långforsen, passerer Sala før ho munnar ut i Mälaren ein stad mellom Västerås og Enköping.
Sagån | |||
elv | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 857 km² | ||
Lengd | 70 km | ||
Kjelde | Storljusen | ||
Munning | Mälaren | ||
Sagån 59°34′23″N 16°54′40″E / 59.573055555556°N 16.911111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Sagån |
Elva utgjer over fleire mil ei grense mellom Västmanlands og Uppsala län, og langs ei enno lengre strekning grensa mellom landskapa Västmanland og Uppland. Elva inngår i Norrströms nedslagsfelt.
Fram til den siste istida strømma den mektige Dalälven her. Då isen smelta, vart elveløpet sperra like sør for det noverande Avesta, og Dalälven rann i staden nordaustover til den noverande elvemunningen i Bottenhavet. Tilbake i det gamle elveløpet var den vesle Sagån.[2][3]
Blant det sjeldnare dyrelivet ein finn i elva, er fisken asp.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sagån» frå Wikipedia på bokmål, den 19. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Vattendragsregister (SMHI) (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 21. juli 2006, henta 21. juli 2006
- ↑ «Områdets geologi». Nedre Dalälven Intresseförening. Arkivert frå originalen 15. april 2018. Henta 7. august 2019.
- ↑ «Statens offentliga utredningar, SOU 1994:59». Henta 7. august 2019.