Saint Johns Range

Saint Johns Range er ei halvmåneforma fjellkjede i Victoria Land som er kring 35 km lang. Ho grensar i nord til Cotton-, Miller- og Debenhambreen, og i sør til Victoria Valley og Victoria Upper og Victoria Lower-breen. Ho vart namngjeven av New Zealand Northern Survey Party under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition, 1956–58, som kartla fjella i fjellkjeda i 1957. Fjellkjeda er kalla opp etter St. Johns College i Cambridge i England, som fleire medlemmar av Terra Nova-ekspedisjonen (1910–13) var tilknytte til då dei skreiv dei vitskaplege rapportane sine etter ekspedisjonen.

Saint Johns Range
fjellkjede
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 77°17′S 162°0′E / 77.283°S 162.000°E / -77.283; 162.000
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Saint Johns Range
77°17′00″S 162°00′00″E / 77.2833°S 162°E / -77.2833; 162
Saint Johns Range is located in Antarktis
Saint Johns Range (Antarktis)

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Saint Johns Range» (innhald frå Geographic Names Information System).