Opna hovudmenyen
Saltdalsfjorden sett frå austsida

Saltdalsfjorden er ein fjordarm av Skjerstadfjorden i Saltdal kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 11 km sørover til Rognan i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Gjelbuneset i vest og Langruodden i aust. Bygda Setså ligg på austsida av fjorden litt inn i fjorden. På vestsida ligg grenda Vik inst i bukta som vert danna av Tangodden som stikk nordover i fjorden. Rognan ligg inst i fjorden og her munnar òg Saltelva ut. Vest for munningen ligg Soksenvika og grenda Botn.

Europaveg 6 går langs heile austsida av fjorden, medan Fv515 ligg på vestsida.