Salthølene
grotte i Tysfjord
Salthølene er ei karsthole på fjellet ved Indre Tysfjorden i Hamarøy kommune i Nordland. Grotta er 2,2 km lang og 186 meter djup og er utvikla i ei særs smal, vertikal marmorstripe. Grotta har 8-10 dagopningar med opp til 45 meter djupe sjakter. Salthølene har oppstått gjennom særs intens karstdanning i fleire is- og mellomistider.
Kjelder
endre- Lauritzen, Stein Erik. (2009, 14. februar). Salthølene. I Store norske leksikon. Henta 17. november 2013 frå http://snl.no/Salth%C3%B8lene.