Saltskogsfjärden
Saltskogsfjärden (lokalt òg Scaniasjön) er ein innsjø mellom Nyköpingsvägen og hovudkontoret til Scania sør i Södertälje i landskapet Södermanland i Sverige.
Saltskogsfjärden | |||
innsjø | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Saltskogsfjärden 59°10′48″N 17°38′06″E / 59.18°N 17.635°E | |||
Wikimedia Commons: Saltskogsfjärden |
Bakgrunn
endreInnsjøen har vore ein del av ein kanal mellom Mälaren og Austersjøen (Igelstaviken), som gjekk via Maren. Kanalen vart dårleg vedlikehalden, og forfall med tida. Ved innsjøen låg den tidlegare største jernbanestasjonen i Södertälje, Södertelge öfre, stundom òg kalla Öfre Telge. Jernbanestasjonen vart riven i samband med legginga av ein ny dobbeltsporbane gjennom Södertälje. Ved austsida av innsjøen ligg motorvognmuseet Marcus Wallenberg-hallen.
Innsjøen har ein omkrins på kring 1,6 km.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Saltskogsfjärden» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juni 2012.