Festspela i Salzburg
(Omdirigert frå Salzburger Festspiele)
Festspela i Salzburg (tysk Salzburger Festspiele) er ein årleg musikkfestival i Salzburg i Austerrike, fødebyen til komponisten Wolfgang Amadeus Mozart. Festspela er rekna som ein av dei viktigaste festivalane for klassisk musikk og utøvande kunst i verda. Kvar sommar frå 1920 har dei gått føre seg i fem eller seks veker i juli og august, og er namngjetne for framifrå framføringar av verk av Wolfgang Amadeus Mozart og Richard Strauss, og dessutan kjenneteikna av at skodespelet Jedermann av Hugo von Hofmannsthal alltid står på programmet. Framføringa av Jedermann ('Einkvar') i Max Reinhardt si iscenesetjing 22. august 1920 på Domplatz i Salzburg opna den festivalen som vart byrjinga på den lange raden av Salzburger Festspiele.