Sametingets språkavdeling
Sametingets språkavdeling (nordsamisk Sámi giellaossodat) er ein av dei administrative avdelingane i Sametinget. Språkavdelinga har, i lag med Sametingets utdanningavdeling, kontor i Kautokeino. Leiar for Sametingets språkavdeling er Anne Britt Hætta. Språkavdelinga er sekretariat for Sametingets språkstyre, det er sakshandsamar for fordeling av dei statlege tospråklegheitsmidla, pengar som blir løyva for å dekkje meirkostnadene med å oppretthalde ein administrasjon på to språk i dei samiske kommunane. Språkavdelinga administrerer også Sametingets prosjekt for eit samisk ordretteprogram. Leiar for Sametingets språkavdeling er Anne-Britt Hætta.