Samisk språkråd (sam. Sámi giellaráđđi) var eit organ for normering av dei samiske skriftspråka i Noreg. Det vart, i lag med ein del andre samiske råd, lagt inn under Sametinget i 2002, reorganisert som del av Sametingets språkavdeling (Sámi giellaossodat). Leiar for Sametingets språkavdeling var Anne Britt Hætta, denne avdelinga vart seinare slått saman med Sametingets opplæringsavdeling med Julie Eira som leiar.

Sjølve språkrådet var samansett med representantar for dei ulike samiske språka.