Sammuramat eller Sammur-amat var dronning av Assyria i tida 811–808 f.Kr. Ho var gift med Shamshi-Adad V, som døydde i 811 f.Kr. og blei etterfølgd av sonen Adad-Nirari III (811 til 783 f.Kr.). Sidan sonen var svært ung blei mora hans, Sammuramat, regent for han i fire-fem år. Andre kronologiar antydar at regentskapet hennar varte frå 809 til 792 f.Kr.[1]

Sammuramat

Pazarcık-stelen som nemner Sammuramat si deltak i eit felttog mot Kummuh
Tittelherskar av Assyria
EktefelleSjamsi-Adad V
BarnAdad-Nirari III
Semiramis, dronning av Babylon, 1905, symbolistisk arbeid av Cesare Saccaggi frå Tortona

Det er diskutert blant forskarar om det faktisk var tilfelle at dronninga kunne vera regent i Assyria. Ho er lite nemnd i samtidige assyriske inskripsjonar, men ho hadde uansett forbausande stor innverknad for si tid.[1] Det er truleg ho som var opphavet til legenda om Semiramis.[2]

Sammuramat sin stele er blitt funnen ved Assur, medan ein inskripsjon ved Nimrud indikerer at ho hadde ein dominerande posisjon etter døden til ektefellen sin og derfor styrte på vegner av sonen sin.

Semiramis endre

Den legendariske Semiramis er rekna av historikarar som ein rein mytologisk figur. Det finst assyriske inskripsjonar som tydar på at Semiramis kan vera ein gresk refleksjon av Sammuramat, men denne identifikasjonen er omdiskutert. Ei anna moglegheit er at ho blei gjeven denne tittelen etter at ho døydde for å reflektera likskapar med ei tidlegare sumerisk gudinne.[3] Legenda har omtalt Semiramis som av guddommeleg opphav, ein spesialist i botanikk og alkymist med stor kunnskap om verkemåten til alle plantar. Ho blei skildra som særs vakker og som særs stolt.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Reilly, Jim (2000): «Contestants for Syrian Domination» Arkivert 2012-03-11 ved Wayback Machine. i: «Chapter 3: Assyrian & Hittite Synchronisms», The Genealogy of Ashakhet
  2. Roux, Georges (1992): Ancient Iraq, Penguin Books, London, ISBN 0-14-012523-X, s. 302.
  3. «Sammu-ramat», Britannica.com