60°17′2.7204″N 5°37′27.527″E / 60.284089000°N 5.62431306°E / 60.284089000; 5.62431306

Samnangerfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Samnanger, Bjørnafjorden
Kart
Samnangerfjorden
60°19′00″N 5°38′00″E / 60.31666667°N 5.63333333°E / 60.31666667; 5.63333333
Wikimedia Commons: Samnangerfjorden

Samnangerfjorden er ein fjordarm av Fusafjorden og Bjørnafjorden i kommunane Bjørnafjorden og Samnanger. Fjorden er om lag 22 km lang.

Fjorden har innlaup mellom Storholmen på enden av Bogøya i aust og grenda Gjemdal i vest. Aust for Storholmen ligg innlaupet til Ådlandsfjorden. Samnangerfjorden har stort sett retning mellom nord og nordaust. Ved Liodden, innanfor gardane Utskot og Våga, kløyver han seg i to delar. Den vestlege armen er sidefjorden Trengereidfjorden som går nord til Trengereid. Den austlege delen held fram vidare nordover som Samnangerfjorden og snur til slutt austover før han opnar seg opp til ein rundare fjordbotn. Her ligg kommunesenteret Tysse på den søraustlege sida, medan Nordbygda ligg i nordvest.