Samora

norsk musikkgruppe

Samora er ei norsk musikkgruppe som i all hovudsak spelar musikk frå sjangrane rock og metall. Gruppa kjem frå Førde i Sogn og Fjordane, og blei starta i 2008.

Tekstane er for det meste skrive på engelsk, men gruppa har også nokre norske songar. Sjølv om dei enno ikkje har gjeve ut CD, ligg noko av musikken deira tilgjengeleg på internett.[1] Sommaren 2009 fekk Samora vist seg fram for fleire tusen publikummarar. Mellom anna under festivalane Sommarfest i Sunnfjord[2] og Malakoff Rockfestival.[3]

Medlemmar endre

  • Erik Henden Aaraas, vokal
  • Kim André Danielsen, bassgitar
  • Asbjørn Reksten Stigedal, gitar
  • Anders Aga Ulvestad, gitar
  • Peter Nore Bengtsson, trommer

Gjennombrot endre

Gruppa fekk sitt gjennombrot då dei byrjinga av juni 2009 vann ein lokal talentkonkurranse, kor det beste bidraget vart den nye offisielle bysongen til Førde kommune.[4] Våren 2010 kvalifiserte bandet seg til landsfinalen i Wacken Metal Battle, ein nasjonal talentkonkurranse for metallsjangeren.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre