Førde kommune

Tidlegare kommune i Sogn og Fjordane
Denne artikkelen handlar om kommunen Førde i Sogn og Fjordane. For tettstaden Førde i Hordaland, sjå Førde i Sveio.

Førde er ein tidlegare norsk kommune i Sunnfjord i tidlegare Sogn og Fjordane fylke på Vestlandet. Namnet Førde kjem av "firði", som tyder "inst i fjord". Førde kommune strekkjer seg frå inst i Førdefjorden til Jostedalsbreen. Han grensar til Jølster ved Moskog, til SogndalJostefonn, til Gaular ved Rørvikfloten i Haukedalen og ved Langeland, til Askvoll vest for Heilevang og til Naustdal frå stranda aust for Naustdal sentrum og i øvre Angedalen. Førde var den største kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal frå 2007, då han vart større enn Flora kommune. 1. januar 2020 vart Førde ein del av den nye Sunnfjord kommune.

Førde kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Førde
Areal 586 km²
 - land 555 km²
 - vatn 31 km²
Målform nynorsk
Ordførar Olve Grotle (H)
Kommunenr. 1432
Kart
Førde
61°26′35″N 5°54′13″E / 61.443055555556°N 5.9036111111111°E / 61.443055555556; 5.9036111111111
Wikimedia Commons: Førde (former municipality)
Nettstad: www.forde.kommune.no

Tettstaden Førde har hatt ein kraftig vekst dei seinare åra, og utvikla seg til å bli eit senter både i kommunen og i fylket. Førde er i dag ein moderne bygdeby med handel, service, helsevesen, kommunikasjon, utdanning og kultur.

Flyplassen Førde lufthamn, Bringeland ligg i nabokommunen Gaular.

Samfunn endre

Grender/tettstader endre

Næringsliv endre

Førde er fylkessenter for utdanning, kultur og samferdsel, men byen er kanskje best kjend for å vere eit handelssentrum i Sogn og Fjordane. Byen har 4 store kjøpesenter, best kjend er kanskje Handelshuset med sine 60 butikkar. Elles har det vorte offentleg kjent at ingen annan norsk kommune har like mange frisørsalongar pr. innbyggjar som Førde. Dei seinaste åra har fleire store landsdekkande kjeder etablert seg i kommunen, der i mellom Biltema, Coop Extra og Hennes & Mauritz.

Historie endre

Frå det kommunale sjølvstyret vart innført i Noreg i 1837, gjennom formannskapslovene, og fram til 1896 omfatta Førde kommune kyrkjesokna Førde, Holsen og Naustdal. I 1896 vart Naustdal skilt ut som eigen kommune. I 1965 vart kommunegrensene regulerte, og grendene frå Furevik i aust til Heilevang i vest på sørsida av fjorden frå Naustdal innlemma i Førde. Solheimsdalen og Fauske kom også med. [1]

Prokuratoren Andreas Gunnerus Lind var den fyrste ordføraren i Førde, og sat frå 1838 til 1840. Kring 1870 vart det skipa Bondevenforeining, og dette vart det fyrste «politiske partiet» i både kommunen og fylket. Bondevenforeininga var avleidd av «jaabækianarane» på riksplan.[1]

Staten utpeikte Førde som vekstsenter i 1965, og kommunen fekk med det hjelp til etablering og utvikling av industri og kulturtilbod. I 1997 fekk byen bystatus.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for Førde kommune frå 1920:

1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1971[4] 1.1.1981[4] 1.1.1991[4] 1.1.2001[4] 1.1.2010[4]
2623a 2764a 3082a 3080a 3399a 4728 7427 8744 10 647 12 035
a Talet omfattar ikkje eit område som var del av Naustdal kommune fram til 1964, då det vart overført til Førde kommune. Dette området hadde då 265 innbyggjarar, og utgjorde den delen av Naustdal kommune som låg sør for Førdefjorden.

Kultur endre

Kommunevåpen endre

Førde sitt kommunevåpen er teikna av Inge Rotevatn. Motivet er tre frå ardskjer/plogjarn på raud botn. Desse skal symbolisere landbruk (primærnæringa), vekst (vekstsenter) og utvikling (region og fylkessenter).

Verd å sjå endre

Kjende førdianarar endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 «Kommunehistoria i Førde» på fylkesleksikonet til NRK Sogn og Fjordane.
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Førde 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff endre