Samtidspartiet
Samtidspartiet er eit norsk muslimsk orientert politisk parti stifta i 2009.
Samtidspartiet | |||
Grunnlagt | 2009 |
---|
Historie
endrePartiet vart stifta i 2009 som Independent Labour Party, men vart etter kort tid tvunge til å skifte namn av di det kunne forvekslast med Arbeiderpartiet.[1] Namneskiftet skjedde i juni same året. Partiet stilte til val for første gong ved valet i 2009 i Oslo.[2]
Politisk plattform
endrePartiet er leia av den norsk-pakistanske Ghuffor Butt. Politiske mål for partiet er å senke bensinprisen, bilavgifter og skattar.[3] På grunn av fokuset på å senke skattar og bilavgifter har partiet blitt kalla eit «FrP for innvandrarar».[4] Andre mål for partiet er å tillate bruk av hijab i politiet, å opprette muslimske skular og sjukeheimar,[5] gjere familiegjenforeining lettare tilgjengeleg[6] og statsfinansiere imamar og bygging av moskear.[7]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Samtidspartiet» frå Wikipedia på bokmål, den 13. september 2009, som i sin tur bygger på «Contemporary Party» frå Wikipedia på engelsk
- Fotnotar
- ↑ Iraki, Rima (22 May 2009), «Muslimsk parti må skifte navn», NRK, henta 22. juli 2009
- ↑ Bråthen, Trine (12. juni 2009), «Muslimsk parti skiftet navn», NRK, arkivert frå originalen 27. mai 2012, henta 22. juli 2009
- ↑ Samtidspartiet lei høye avgifter, VGTV, 28. juli 2009, henta 9. august 2009
- ↑ Thorenfeldt, Gunnar (19. april 2009), «- Uten svin og alkohol er nordmenn verdens beste muslimer», Dagbladet, henta 22. juli 2009
- ↑ Juven, Olav; Kielland Jenssen, Grethe (1. april 2009), «To minoritetspartier banker på», NRK, henta 9. august 2009
- ↑ Nisja-Wilhelmsen, Pål (27. juli 2009), «Er du lei av de store partiene?», Nettavisen.no, henta 9. august 2009
- ↑ Iqbal, Samaria (29. juli 2009), «Norsk-pakistansk filmregissør med nytt parti: Vil ha statslønn til imamer og sykehjem for innvandrere», Nettavisen.no, henta 9. august 2009