San Fernando i Spania

San Fernando er ein by i provinsen Cádiz i Spania med like under 100 000 innbyggjarar. Byen vert stundom kalla La Isla («Øya»), men er ikkje lenger noko øy, men ei halvøya som er knytt til fastlandet. Innbyggjarane i San Fernando vert lokalt kalla cañaíllas eller isleños.

San Fernando
Horisonten til San Fernando
Horisonten til San Fernando
Plassering
San Fernando i Spania is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Andalucía
Provins Cádiz
Borgarmeister Manuel María de Bernardo
Geografi
Flatevidd
 - By

32 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

97 500
  3 046,9 /km²
Koordinatar 36°28′N 6°12′W / 36.467°N 6.200°W / 36.467; -6.200
Diverse annan informasjon
Postnummer 11100
Nettstad: www.aytosanfernando.org

Historie

endre
 
Kyrkje i San Fernando

Kommunen spelte ei viktig rolle i 1810 under den franske okkupasjonen leia av Napoleon. San Fernando og Cádiz var dei einaste områda av Spania som ikkje overgav seg til franskmennene.

Cortes Generales møttest i Komedieteateret (i dag Real Teatro de las Cortes) og starta førebuinga av den første liberale grunnlova i Spania, som vart godkjend i nabobyen Cádiz i 1812.

Flamencosongaren Camarón de la Isla vart fødd i San Fernando.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: San Fernando i Spania