San Marino i Eurovision Song Contest 2011

San Marino deltok i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland med songen «Stand By», framført på engelsk av Senit. Bidraget vart valt ut internt av den sanmarinske kringkastaren Radiotelevisione della Repubblica di San Marino (SMRTV).

Eurovision Song Contest 2011
Land San Marino
Nasjonal uttaking
Uttaking Intern
Dato(ar) Artist 3. februar 2011
Song 11. mars 2011
Artist(ar) Senit
Song «Stand By»
Språk Engelsk
Låtskrivar(ar) Radiosa Romani
Resultat
Semifinalepoeng 34
Semifinaleplass 16
Finalepoeng X
Finaleplass X

Bakgrunn endre

San Marino debuterte i 2008 med gruppa Miodio.[1] Dei enda sist i semifinalen med to poeng frå Andorra og tre poeng frå Hellas. Etter dette trekte San Marino seg frå tevlinga i 2009. Landet deltok heller ikkje i 2010.[2][3] 22. desember 2010 annonserte SMRTV at dei att ville delta i Eurovision Song Contest.[4]

Uttaking endre

SMRTV stadfesta 3. februar 2011 at den italienske songaren Senit ville representere San Marino i 2011.[5]

I Eurovision endre

Sidan berre dei fire store og vertslandet var direktekvalifisert til finalen måtte San Marino kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane.

Semifinalen endre

Senit starta som nummer tolv i den fyrste semifinalen 10. mai 2011. San Marino fekk til saman 34 poeng og enda på 16. plass av totalt 19 bidrag. Kvart land kunne gje maks tolv poeng til ein song, og berre dei ti beste landa gjekk vidare til finalen. Sidan San Marino på 16. plass i semifinalen gjekk ikkje landet vidare til finalen.

Poeng frå San Marino
12 poeng   Malta
10 poeng   Tyrkia
8 poeng   Albania
7 poeng   Armenia
6 poeng   Hellas
5 poeng   Aserbajdsjan
4 poeng   Kroatia
3 poeng   Georgia
2 poeng   Russland
1 poeng   Montenegro

Poeng til San Marino
12 poeng
10 poeng
8 poeng   Albania
7 poeng
6 poeng   Aserbajdsjan,   Malta
5 poeng   Armenia,   Tyrkia
4 poeng
3 poeng
2 poeng   Hellas
1 poeng   Kroatia,   Georgia

Finalen endre

Poeng frå San Marino
12 poeng   Italia
10 poeng   Aserbajdsjan
8 poeng   Hellas
7 poeng   Georgia
6 poeng   Sverige
5 poeng   Serbia
4 poeng   Danmark
3 poeng   Frankrike
2 poeng   Storbritannia
1 poeng   Slovenia

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. «Exclusive: San Marino in Belgrade confirmed» (på engelsk). ESCToday. 21. november 2007. Henta 4. januar 2013. 
  2. «San Marino leaves Eurovision Song Contest» (på engelsk). ESCToday. 18. desember 2008. Henta 4. januar 2013. 
  3. «No San Marino either for Eurovision 2010» (på engelsk). ESCToday. 15. desember 2009. Henta 4. januar 2013. 
  4. «San Marino will participate in Düsseldorf 2011» (på engelsk). ESCToday. 22. desember 2010. Henta 4. januar 2013. 
  5. «SAN MARINO - Senit rumored for San Marino 2011». Oikotimes. 25. desember 2010. Henta 4. januar 2013.