Opna hovudmenyen

Eurovision Song Contest 2011 (ESC 2011) var den 56. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Düsseldorf Arena i Düsseldorf i Tyskland. Den fyrste semifinalen fann stad tysdag 10. mai, den andre semifinalen fann stad torsdag 12. mai og finalen fann stad laurdag 14. mai. Aserbajdsjan vann tevlinga med songen «Running Scared», sungen av Ell & Nikki.

Eurovision Song Contest 2011
Feel Your Heart Beat!
Offisiell tittel
56. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinale 1 10. mai 2011
Semifinale 2 12. mai 2011
Finalen 14. mai 2011
Vertskap
Stad
Düsseldorf Arena
Flagget til Tyskland Düsseldorf i Tyskland
Programleiar(ar)
Judith Rakers, Anke Engelke og Stefan Raab
Kringkastar(ar)
Flagget til Tyskland ARD/NDR
Varigskap
Opningsnummer
Finalen «Satellite» av Stefan Raab og Lena Meyer-Landrut
Pausenummer
Semifinale 1 Cold Steel Drummers
Semifinale 2 Flying Steps – «Flying Bach»
Finalen «Oh Jonny» og «Klar» av Jan Delay
Bidrag
Attende
EuroAustria.svg
EuroHungría.svg
EuroItalia.svg
EuroSan Marino.svg
Ikkje med
EuroRepública Checa.svg
EuroAndorra.svg
EuroMontenegro.svg
EuroMónaco.svg
EuroLuxemburgo.svg
EuroMarruecos.svg
Kart
ESC 2011 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga

██ Land som ikkje kvalifiserte seg til finalen ██ Land som ikkje deltok i tevlinga

Røysting
Eurovision Song Contest
EuroNoruega.svg Bærum 2010 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg Baku 2012 EuroAzerbaiyán.svg

Austerrike, som sist deltok i 2007, Ungarn, som sist deltok i 2009, San Marino, som sist deltok i 2008, og Italia, som sist deltok i 1997, kom attende til tevlinga.

Italia, som enda på andreplass, og Tyskland, som enda på tiandeplass, var dei einaste medlemmane av «Dei fem store» som vart mellom dei ti beste, med Storbritannia tett bak på ein ellevteplass. Resten av «Dei fem store», Frankrike og Spania, enda på høvesvis 15. og 23. plass.

ArenaEndra

12. oktober 2010 vart ESPRIT arena i Düsseldorf annonsert av den tyske kringkasteren Norddeutscher Rundfunk (NDR) som arena for Eurovision Song Contest 2011. Arenaen vart kalla Düsseldorf Arena under arrangementet. Det var den fyrste gongen Eurovision Song Contest vart arrangert i Tyskland sidan gjenforeininga mellom Vest-Tyskland, som arrangerte tevlinga i 1957 og 1983, og Aust-Tyskland, som aldri har delteke. Tyskland er òg den fyrste medlemen av «Dei fem store» som arrangerte tevlinga.

Moglege vertsbyarEndra

23 byar hadde gjort klår vilkåra for å arrangere tevlinga. Åtte av desse, Berlin, Hamburg, Hannover, Gelsenkirchen, Düsseldorf, Köln, Frankfurt am Main og München, fortsette å vise interesse som vertsby for arrangementet. 21. august 2010 offentleggjorde NDR at fire av desse hadde offisielt søkt om å få arrangere tevlinga i 2011: Berlin, Hamburg, Hannover og Düsseldorf.

ESPRIT arenaEndra

Avisa Der Westen annonserte at bygging og demonteringsarbeid på ESPRIT arena ikkje måtte ta meir enn seks veker. Under Eurovision Song Contest hadde arenaen ein kapasitet på 24 000. Düsseldorf hadde 23 000 hotellsenger og 2 000 ekstra senger i områda rundt Düsseldorf og på skip på Rhinen. Düsseldorf internasjonale lufthamn ligg i nærleiken, og ein friidrettsarena nær EESPRIT Arena vart nytta som pressesenter for 1 500 journalistar. Annonsebanner vart fjerna frå arenaen, og personar som hadde sesongbillett til fotballkampar for Fortuna Düsseldorf vart kompensert. Opphavleg vart det rapportert at Paul-Janes-Stadion ville verte oppgradert til 2. Bundesliga-krav. I staden vart ein mobil arena bygd ved sidan av ESPRIT Arena for tre millionar euro, med ein kapasitet på rundt 20 000. Han vart nytta til tre andredivisjonskampar.

Arrangementkonsept og billettsalEndra

13. oktober 201, skisserte Thomas Schreiber, koordinator ved ARD, detaljane for arrangementkonseptet. ESPRIT Arena vart delt i to delar, åtskilt frå kvarandre. På den eine sida av stadion vart scena installert, medan den andre sida fungerte som garderobar for deltakarane. Ein friidrettsarena ved sidan av ESPRIT Arena fungerte som pressesenter for arrangementet. ESPRI Arena hadde komfortable sete relativt nær scena som skapte ein innandørsarrangement-atmosfære.

Billettsalet til finalen starta 12. desember 2010 klokka 12.12 lokal tid på nettstaden dticket.de, som var den einaste autoriserte seljaren av billettar til Eurovision Song Contest 2011. Dei 32 000 billettane vart selte ut i løpet av mindre enn seks timar. Billettar til semifinalane vart sett på sal i midten av januar, då det vart kjend kva for land som skulle deltake i kvar semifinale.

BidragaEndra

Semifinale 1Endra

# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01   Polen Magdalena Tul «Jestem» Polsk 018 19
02   Noreg Stella Mwangi «Haba Haba» Engelsk og swahili 030 17
03   Albania Aurela Gaçe «Feel the Passion» Engelsk og albansk 047 14
04   Armenia Emmy «Boom Boom» Engelsk 054 12
05   Tyrkia Yüksek Sadakat «Live It Up» Engelsk 047 13
06   Serbia Nina «Čaroban» Serbisk 067 08
07   Russland Aleksej Vorobjov «Get You» Engelsk og russisk 064 09
08   Sveits Anna Rossinelli «In Love for a While» Engelsk 055 10
09   Georgia Eldrine «One More Day» Engelsk 074 06
10   Finland Paradise Oskar «Da Da Dam» Engelsk 103 03
11   Malta Glen Vella «One Life» Engelsk 054 11
12   San Marino Senit «Stand By» Engelsk 034 16
13   Kroatia Daria Kinzer «Celebrate» Engelsk 041 15
14   Island Sigurjón's Friends «Coming Home» Engelsk 100 04
15   Ungarn Kati Wolf «What About My Dreams?» Engelsk og ungarsk 072 07
16   Portugal Homens Da Luta «A luta é alegria» Portugisisk 022 18
17   Litauen Evelina Sašenko «C'est ma vie» Engelsk og fransk 081 05
18   Aserbajdsjan Ell & Nikki «Running Scared» Engelsk 122 02
19   Hellas Loúkas Jórkas og Stereo Mike «Watch My Dance» Gresk og engelsk 133 01

Splitta jury/telefonrøysting-resultatEndra

Plass Telefonrøysting Poeng
01   Hellas 154
02   Aserbajdsjan 124
03   Finland 111
04   Russland 093
05   Georgia 090
06   Island 079
07   Armenia 075
08   Ungarn 073
09   Noreg 056
10   Tyrkia 054
11   Litauen 052
12   Sveits 045
13   Albania 042
14   Serbia 042
15   Portugal 039
16   Kroatia 032
17   Polen 025
18   Malta 024
19   San Marino 008

Plass Jury Poeng
01   Litauen 113
02   Aserbajdsjan 109
03   Island 104
04   Serbia 102
05   Finland 086
06   Malta 084
07   Sveits 076
08 EuroSan Marino.svg 074
09   Hellas 074
10   Ungarn 065
11   Albania 061
12   Tyrkia 058
13   Georgia 051
14   Kroatia 049
15   Armenia 033
16   Russland 031
17   Noreg 029
18   Polen 013
19   Portugal 006

Semifinale 2Endra

# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01   Bosnia-Hercegovina Dino Merlin «Love in Rewind» Engelsk og bosnisk 109 05
02   Austerrike Nadine Beiler «The Secret Is Love» Engelsk 069 07
03   Nederland 3JS «Never Alone» Engelsk 013 19
04   Belgia Witloof Bay «With Love Baby» Engelsk 053 11
05   Slovakia TWiiNS «I'm Still Alive» Engelsk 048 13
06   Ukraina Mika Newton «Angel» Engelsk 081 06
07   Moldova Zdob şi Zdub «So Lucky» Engelsk 054 10
08   Sverige Eric Saade «Popular» Engelsk 155 01
09   Kypros Khrístos Mylórdos «San ággelos s'agápisa» Gresk 016 18
10   Bulgaria Poli Genova «Na inat» Bulgarsk 048 12
11   Makedonia Vlatko Ilievski «Rusinka» Makedonsk, engelsk og russisk 036 16
12   Israel Dana International «Ding Dong» Hebraisk og engelsk 038 15
13   Slovenia Maja Keuc «No One» Slovensk 112 03
14   Romania Hotel FM «Change» Engelsk 111 04
15   Estland Getter Jaani «Rockefeller Street» Engelsk 060 09
16   Kviterussland Anastasia Vinnikova «I Love Belarus» Engelsk 045 14
17   Latvia Musiqq «Angel In Disguise» Engelsk 025 17
18   Danmark A Friend In London «New Tomorrow» Engelsk 135 02
19   Irland Jedward «Lipstick» Engelsk 068 08

Splitta jury/telefonrøysting-resultatEndra

Plass Telefonrøysting Poeng
01   Sverige 159
02   Bosnia-Hercegovina 131
03   Romania 121
04   Danmark 115
05   Ukraina 091
06   Irland 078
07   Slovenia 068
08   Moldova 061
09   Kviterussland 054
10   Austerrike 052
11   Israel 051
12   Belgia 050
13   Estland 046
14   Bulgaria 043
15   Latvia 043
16   Slovakia 040
17   Makedonia 033
18   Kypros 023
19   Nederland 017

Plass Jury Poeng
01   Slovenia 146
02   Danmark 129
03   Sverige 099
04   Austerrike 095
05   Romania 085
06   Estland 083
07   Ukraina 076
08   Belgia 071
09   Slovakia 071
10   Irland 066
11   Bosnia-Hercegovina 065
12   Bulgaria 059
13   Moldova 053
14   Makedonia 047
15   Kviterussland 038
16   Israel 036
17   Kypros 024
18   Nederland 022
19   Latvia 011

FinalenEndra

 
Frimerket.

Finalen vart halden 14. mai 2011 i Düsseldorf Arena i Düsseldorf. Aserbajdsjan vann tevlinga for fyrste gong. Berre Tyskland, som òg var vertsland, Frankrike, Spania, Storbritannia og Italia, kjend som «Dei fem store», var automatisk kvalifisert til finalen. I tillegg til desse deltok dei ti beste landa frå kvar semifinale. Ell & Nikki fekk seinare prisen Peace and Friendship Award fordi Nigar Camal bar eit tyrkisk flagg på scena under vinnarframføringa. Aserbajdsjan og Tyskland prenta frimerke med Eldar Qasımov og Nigar Camal på.

# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01   Finland Paradise Oskar «Da Da Dam» Engelsk 057 21
02   Bosnia-Hercegovina Dino Merlin «Love in Rewind» Engelsk og bosnisk 125 06
03   Danmark A Friend In London «New Tomorrow» Engelsk 134 05
04   Litauen Evelina Sašenko «C'est ma vie» Engelsk og fransk 063 19
05   Ungarn Kati Wolf «What About My Dreams?» Engelsk og ungarsk 053 22
06   Irland Jedward «Lipstick» Engelsk 119 08
07   Sverige Eric Saade «Popular» Engelsk 185 03
08   Estland Getter Jaani «Rockefeller Street» Engelsk 044 24
09   Hellas Loúkas Jórkas og Stereo Mike «Watch My Dance» Gresk og engelsk 120 07
10   Russland Aleksej Vorobjov «Get You» Engelsk og russisk 077 16
11   Frankrike Amaury Vassili «Sognu» Korsikansk 082 15
12   Italia Raphael Gualazzi «Madness of Love» Italiensk og engelsk 189 02
13   Sveits Anna Rossinelli «In Love For A While» Engelsk 019 25
14   Storbritannia Blue «I Can» Engelsk 100 11
15   Moldova Zdob şi Zdub «So Lucky» Engelsk 097 12
16   Tyskland Lena «Taken by a Stranger» Engelsk 107 10
17   Romania Hotel FM «Change» Engelsk 077 17
18   Austerrike Nadine Beiler «The Secret Is Love» Engelsk 064 18
19   Aserbajdsjan Ell & Nikki «Running Scared» Engelsk 221 01
20   Slovenia Maja Keuc «No One» Slovensk 096 13
21   Island Sigurjón's Friends «Coming Home» Engelsk 061 20
22   Spania Lucía Pérez «Que me quiten lo bailao» Spansk 050 23
23   Ukraina Mika Newton «Angel» Engelsk 159 04
24   Serbia Nina «Čaroban» Serbisk 085 14
25   Georgia Eldrine «One More Day» Engelsk 110 09

Splitta jury/telefonrøysting-resultatEndra

Plass Telefonrøysting Poeng
01   Aserbajdsjan 223
02   Sverige 221
03   Hellas 176
04   Ukraina 168
05   Storbritannia 166
06   Bosnia-Hercegovina 151
07   Russland 138
08   Georgia 138
09   Tyskland 113
10   Irland 101
11   Italia 099
12   Moldova 098
13   Serbia 089
14   Romania 079
15   Frankrike 076
16   Spania 073
17   Ungarn 064
18   Danmark 061
19   Island 060
20   Litauen 055
21   Finland 047
22   Slovenia 039
23   Estland 032
24   Austerrike 025
25   Sveits 002

Plass Jury Poeng
01   Italia 251
02   Aserbajdsjan 182
03   Danmark 168
04   Slovenia 166
05   Austerrike 145
06   Irland 119
07   Ukraina 117
08   Serbia 111
09   Sverige 106
10   Tyskland 104
11   Bosnia-Hercegovina 090
12   Frankrike 090
13   Romania 086
14   Hellas 084
15   Moldova 082
16   Georgia 079
17   Finland 075
18   Estland 074
19   Island 072
20   Litauen 066
21   Ungarn 060
22   Storbritannia 057
23   Sveits 053
24   Spania 038
25   Russland 025

Artistar som har delteke tidlegareEndra

Artist Land Tidlegare år Tidlegare land Plassering i tidlegare tevling
Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
Dino Merlin EuroBosnia-Herzegovina.svg 1999 (med Béatrice) EuroBosnia-Herzegovina.svg 086 07
Lena EuroAlemania.svg 2010 EuroAlemania.svg 246 01 X X
Gunnar Ólason (del av Sjonni's Friends) EuroIslandia.svg 2001 (del av Two Tricky) EuroIslandia.svg 003 22
Dana International EuroIsrael.svg 1998 EuroIsrael.svg 172 01
Zdob şi Zdub EuroMoldova.svg 2005 EuroMoldova.svg 148 06 X X

Stefan Raab, som var programleiar for Eurovision Song Contest, representerte Tyskland i 2000 og har i tillegg vore bakgrunnssongar fleire gongar. Sophio Toroschelidse, vokalisten i Eldrine, var støttevokalist for Georgia i 2010. Vlatko Ilievski var støttevokalist for Makedonia i 2005. TWIINS var støttevokalist for Tsjekkia i 2008. Det var den andre gongen sidan tevlinga starta at to tidlegare vinnarar deltok same år. Den fyrste gongen var i 1958.

KjelderEndra