Sancho Panza er ein oppdikta figur i romanen Don Quijote av den spanske forfattaren Miguel de Cervantes Saavedra frå 1605. I forteljinga er bonden Sancho Panza ven og nabo med godseigaren Don Quixote. Panza får rolla som væpnar for Don Quixote då han som den komiske riddaren av den bedrøvelige skikkelse legg ut på eventyr. Panza vert dermed helten i historia, ein medhjelpar som viser seg både snarrådig og smart, og som vert tvinga til å lura herren han tener for at denne skal verna illusjonane sine. Panza kjem difor med kommentarar gjennom heile forteljinga, kjende som sanchismos, som er ei blanding av folkeleg humor, ironiske spanske ordtak og sunt bondevit.

Statue av Sancho Panza i Madrid (Lorenzo Coullaut Valera, 1930)

Panza tyder 'vom, buk' og kan òg stavast pança.

Kjelder

endre

Denne artikkel bygger på Sancho Panza frå Wikipedia på bokmål, utgåva frå 28. desember 2015