Sandal
(Omdirigert frå Sandalar)
Sandalar er ei form for skoty der reimer festar solen til foten. Stundom vert også ordet sandal nytta om andre lette og luftige sko.
Sandalar er vanlege i store delar av verda, særleg der klimaet er varmt og tørt.
Ordsoge
endreOrdet sandal har kome til norsk og dansk frå tysk som har det frå det latinske sandalium, som igjen har henta ordet frå gresk der det har asiatisk opphav.
Historikk
endreSandalar med solar og reimer er mellom de eldste typane fottøy vi kjenner til. Biletgalleriet syner sandalar av ulike typar flettverk, av skinn og lær og med tresole.
-
Barnesandalar av papyrus frå det 18. dynastiet i Det gamle Egypt
-
Strekteikninger av ulike typar sandalliknande fotty frå antikken
-
Restane etter ein romersk sandal (solea) frå ca. år 200, funnen i Mainz i Tyskland
-
Sandalar fletta av esparto-gras og tauverk, funne i ei grotte i Andalusia i Spania og daterte til 400-talet f. Kr.
-
Sandal fletta av yucca (palmelilje), funne i New Mexico i USA og datert til 1200-talet
-
Sandal frå Inkariket på 1400-talet ved kysten av dagens Sør-Peru
-
Rekonstruksjon av ein mjuk sandalliknande skinnsko frå 100-talet, funne i ei myr ved Hannover i Tyskland
-
Pontifikalsandalar frå et sveitsisk kloster tidleg på 1500-talet
-
Waraji, tradisjonelle stråsandalar frå Japan
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sandal» frå Wikipedia på bokmål, den 2. april 2013.