Sandsavatnet

Sandsavatnet er ein innsjø som ligg i Suldal kommune i Rogaland. Han er regulert i samband med Ulla-Førreanlegget. Anleggsvegen til Blåsjø går forbi vatnet på sør- og austsida, og det ligg ein dam ved sørsida. Ved vestsida av vatnet blei det tatt ut morene til bygginga av Oddatjørndammen.

Sandsavatnet
innsjø
Sandsavatnet.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Suldal
Høgd over havet 580-605 moh.
Areal 6,73 km²
Kystlengd1 13,82 km
Koordinatar 59°25′18″N 06°36′06″EKoordinatar: 59°25′18″N 06°36′06″E

Sandsavatnet
59°25′18″ N 6°36′6″ E
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

I Ulla-Førre finst det i alt 39 bekkeinntak kring 600 meter over havet, som blir fanga opp via eit forgeina tunnelsystem. Sandsavatnet er det einaste større magasinet på dette nivået. Saurdal kraftverk kan pumpa vatnet frå Sandsavatnet og bekkeinntaka opp i Blåsjø, eit kjempemagasin kring 1000 moh som sikrar kraftproduksjon i tørrår.

BildeEndra