Strøbil

(Omdirigert frå Sandspreiar)

Ein strøbil er ein lastebil med eit bakmontert spreiaraggregat, som vert nytta for å spreia sand eller salt på vegane om vinteren. Sand aukar friksjonen på vegen (gjer at den snø- eller isdekte vegen ikkje vert så glatt), medan salt tinar is og snø på vegen.

Salspreiar montert på ein lastebil.
Nærbilete av spreiartallerkenen.

I Noreg er det salt som vert mest nytta. Grunnen til at snøen tinar er at saltet reduserer smeltepunktet til vatn. Salting av vegane reduserer ulykkene, men det fører samstundes til at bilane rustar. Karosseriet er ein av delane som er utsette for rust, men bremserøyr, hjulboltar, og så vidare, er og utsette for rustskadar. Andre skadeverknadar av salting er skade på vegetasjonen når saltet sig ned i grunnen. Salting er difor kontroversielt.[1]

Kjelder endre

  1. Kirkebøen, S.E., Stor uenighet om veisalt redder liv, Aftenposten, 17/11-2008.

Sjå òg endre