Vegsalt
Vegsalt er eit saltprodukt som ein bruker til å strø på vegar. Det kan brukast til å smelta is på vegen eller til å redusera støving. Tradisjonelt har ein brukt vegsalt for å redusera støving frå grusvegar. Med asfalterte vegar er det vanlegast å bruka vegsalt til å smelta snø og is slik at det blir lettare og tryggar å ferdast på dei.
Det vanlegaste vegsaltet er natriumklorid, eller vanleg koksalt. Kalsiumklorid og magnesiumklorid (MgCl2) kan også brukast, anten i særleg kaldt vêr eller når hovudføremålet er å dempa støving. Natriumklorid verker berre ned til rundt temperaturar rundt -7 °C, medan magnesiumklorid er verknadsfullt ned til -15 °C.[1] Magnesiumklorid kan brukast til salting av grusvegar om sommaren eller når det oppstår mykje svevestøv vinterstid.[1]
Ein kan også bruka andre stoff i vegsaltet, som sukkerhaldig saft, som kan forseinka frysinga av nedbør på vegar.[2] og betra verknaden av saltet ved svært låge temperaturar. Forsøk i Canada har til dømes vist at bruk av sukker kan senka frysepunktet heilt ned til -25 °C.[3]
Vegsalting er omdiskutert, ettersom salt kan ha ein negativ effekt på miljøet[4][5] og kan føra til korrosjon (rust) på køyretøy. Dei ulike saltprodukta har ulike verknadar, der magnesiumklorid fører til meir korrosjon enn natriumklorid.[1] Ulike vegvesen som Statens vegvesen har derfor arbeidd for å redusera bruken av vegsalt.[4]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Garathun, Mari Gisvold. «Det mest effektive veisaltet er verst for bilen». Teknisk Ukeblad. Arkivert frå originalen 24. januar 2016. Henta 23. januar 2016.
- ↑ Garathun, Mari Gisvold (18. desember 2014). «Rotfrukt skal forhindre is på svenske vinterveier». Teknisk Ukeblad.
- ↑ Garathun, Mari Gisvold (12. desember 2013). «Rotfrukt skal forhindre is på veiene». Teknisk Ukeblad.
- ↑ 4,0 4,1 «Sluttrapport for etatsprogrammet Salt SMART». vegvesen.no. Arkivert frå originalen 19. januar 2014. Henta 20. april 2018.
- ↑ Garathun, Mari Gisvold (8. mai 2015). «Mer veisalt ga dårligere drikkevann». Teknisk Ukeblad.