Opna hovudmenyen

Sandvollan er ei bygd i Nord-Trøndelag fylke, som ligg mellom Beitstadfjorden i nordvest og Borgenfjorden i søraust.

Sandvollan var eigen kommune frå 1907, først under namnet Hustad, frå 1912 Sandvollan. I 1962 vart Sandvollan saman med Røra innlemma i Inderøy kommune. Sandvollan sokn svarar til den tidlegare kommunen. Arealet var 28 km2, og folketalet var ved samanslåinga i overkant av 800. Bygda er prega av jord- og skogbruk. Hustad kyrkje i Sandvollan er frå om lag 1150. Vegstykket "Den gylne omveg" går gjennom Sandvollan. Like ved denne ligg "Gangstad gårdsmeieri". Ved Gangstad er det også butikk. Tidlegare vart det drivi handel både i Skjelvågen, og ved Heggstad, der også Hustad meieri (nedlagt i 1962) låg.

KjelderEndra