63°56′31.916″N 11°4′51.906″E / 63.94219889°N 11.08108500°E / 63.94219889; 11.08108500

Steinkjer i austenden av Beitstadfjorden

Beitstadfjorden er den inste fjordarmen av Trondheimsfjorden i kommunane Steinkjer og Inderøy. Fjorden er 28 km lang frå sørvest til nordaust, og 6-8 km brei.

Innløpet til fjorden går via Skarnsundet i sør og strekkjer seg nordaustover til sentrum av Steinkjer. Heilt i vest går fjordarmen Verrasundet sørover til Verrabotn, medan armen Beitstadsundet strekkjer seg nordover til Hjellbotn og Vellamelen i nord.

I Inderøy kommune ligg kommunesenteret Kjerknesvågen på sørsida av fjorden. Ein annan stad i Inderøy er Breivika. I Verran ligg Follafoss på nordsida av fjorden.

Samferdsel endre

Fleire vegar går langs fjorden: