Sannsyn
Sannsyn er ei vurdering av kor sannsynleg det er at ei viss hending vil skje.[1] Ein kan oppgje sannsyn numerisk som eit tal mellom 0 og 1, der 0 angjev at noko nesten aldri vil skje, medan 1 angjev at det nesten alltid vil skje. Til dømes vil ein ha 1/6 sjanse for å få talet 6 viss ein trillar ein vanleg terning.
Sannsyn er utvikla ved hjelp av sannsyntsteori, og blir gjerne nytta saman med kombinatorikk og/eller statistikk for å rekna på moglege utfall.
Vurdering av sannsyn
endreSannsyn kan vera viktig mellom anna i samband med:
- odds på travbanen.og liknande
- vinnarsjanseutrekningar til sjansespel som Lotto og liknande
- vêrmelding
- militær strategi
- sjakkstrategi
- nærings- og forretningsdrift
Kjelder
endre- ↑ Aven, Terje (27. september 2019). «sannsynlighet». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- Denne artikkelen bygger på «Sannsynlighet» frå Wikipedia på bokmål, den 11. mai 2021.