Terning

Ein terning (norrønt ten(n)ingr, truleg frå lågtysk terninc, av latin quaternio, 'firar' i terningspel)[1] er ein kubeliknande gjenstand ein kan bruka i spel for å få tilfeldige resultat. Dei vanlegaste terningane har seks sider, men det finst også andre utformingar.[2]

Ulike sekssida terningar
Terningsett for rollespel der terningane har ulikt tal sider.

Ein rett utforma terning skal ha like stort sannsyn for å landa på kvar side, og bør derfor vera laga av homogent materiale.[2]

Det er eit ulikt symbol på kvar flate. Vanlegvis svarer symbola til tala 1, 2, 3, 4, 5 og 6, slik at flata med i og flata med 6 - i står rett ovanfor kvarandre på terningen.

Det er funne kubeforma terningar frå det gamle Egypt i graver. Dei gamle grekarane hadde ein firkanta terning kalla astragalus.[2] Ein terning er vanleg å bruka i ulike spel, som hundre, ludo, yatzy og Settlers.

KjelderEndra

  1. «terning» i Nynorskordboka og Bokmålsordboka.
  2. 2,0 2,1 2,2 Bryhn, Rolf (20. februar 2018). «terning». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Terning